Hovudside
Velkomen til Fjærlandswikien
Dette er wikien for Fjærland! Det viktigaste innhaldet er
- Ny i Fjærland for nyinnflytte, also in English
- Næringsliv
- Lag og organisasjonar
- Ressursar for å vera budd
I tillegg har me ei side for kategoriar som skal gje eit system til dei andre sidene.
Kva er dette?
Kva er fjerland.no? Ei samling tenester for dei som bur i Fjærland.
Kva er Fjærlandswikien? Ein wiki (hawaiiansk for "snøgg") er ein plass der du kan laga eit oppslagsverk eller samla og dela kunnskap. Den mest kjende wikien i verda er sjølvsagt Wikipedia. Me lagar vår eigen wiki her. Tenk kor kjekt det blir å ha til dømes all kunnskapen som trengst for å driva organisasjonane i Fjærland! Når du er innlogga, kan du berre byrja å leika deg. Du kan lesa korleis du lagar nye sider, korleis du skriv og set inn bilete. Ver ikkje redd for å prøva! Hugs at alle som bur i Fjærland kan bidra til å gjera denne wikien betre og meir omfattande, slik at alle kan få kunnskapen som gjer livet her endå litt lettare.