Lag og organisasjonar/Ungdomslaget

Versjonen frå 10. august 2024 kl. 10:26 av Eivind (diskusjon | bidrag) (Created page with "== Fjærland ungdomslag == Fjærland ungdomslag vart skipa i 1884, og er ein av dei største organisasjonane her. Slagordet er "For bygdi - i bygdi", og det tyder i praksis at me lagar gode, sosiale hendingar og arrangement for alle som bur her. Me lagar ungdomsklubb, kviss, årvisse dansar og festar, konsertar og andre hendingar som knyter folk saman. == Faste tilstellingar == * Nyttårsball for skuleborn * Dans helga før olsok * Olsokdans * Smalahovefesten * Hallowee...")
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Fjærland ungdomslag

Fjærland ungdomslag vart skipa i 1884, og er ein av dei største organisasjonane her. Slagordet er "For bygdi - i bygdi", og det tyder i praksis at me lagar gode, sosiale hendingar og arrangement for alle som bur her. Me lagar ungdomsklubb, kviss, årvisse dansar og festar, konsertar og andre hendingar som knyter folk saman.

Faste tilstellingar

  • Nyttårsball for skuleborn
  • Dans helga før olsok
  • Olsokdans
  • Smalahovefesten
  • Halloween for små og store
  • Kunnskapstevlinga "Kven veit" i regi av Noregs ungdomslag
  • Femtedagsfesten 29. desember, med årsrevyen "Vintrakvelden"

Teknisk utstyr

Fjærland ungdomslag eig og driv den arrangementstekniske utstyrsparken på vegner av heile bygda. Me har omfattande lydutstyr til bruk for store og små tilstellingar, gjerne samstundes. Her er ei liste over det viktigaste. Me kan kombinera anlegga i ulike oppsett slik at dei passar til alt frå heilt små til nokså store konsertar, møte og konferansar.

  • Miksarar
    • Allen & Heath SQ6 med stagebox og digital multikabel (Ramcat cat5)
    • Behringer XR18
    • Yamaha MG12XU
  • FOH
    • JBL VRX. 4stk 928 toppar og 4stk 918 subbar.
    • Crown XTI2000 forsterkarar.
  • Monitoring og mindre anlegg
    • 3stk DB Flexsys FM12 aktive konsentriske monitorar.
    • 2stk Dynacord AM12 aktive monitorar.
    • 2stk Tannoy passive konsentriske monitorar (ja, dei gode gamle med 15+1"!).
    • 1stk Alto TS112A aktiv PA-høgtalar/monitor, 12+1"
    • 2stk små og søte 8" passive konsentriske monitorar/høgtalarar
    • Crown XLS1002 forsterkar
    • Ulike andre forsterkarar til monitoring og mindre bruk
  • Mikrofonar
    • Trommer