Ny i Fjærland

Versjonen frå 26. februar 2022 kl. 14:38 av Eivind (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «= Ny i Fjærland = Her skriv me praktiske opplysingar du treng som nytilflytt i Fjærland. == Ver med på det som skjer == Etter kvart kan [https://mobilizon.fjerland.no Mobilizon] bli den plassen der du får greie på kva som skjer her. Elles er tavla på butikken viktig å fylgja med på òg. == Lag og organisasjonar == Det finst mange! Her lenkar me til andre sider med alle organisasjonane. == Lokaldemokratiet == Fjærland har eit ganske omfattande lokaldemokrat…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ny i Fjærland

Her skriv me praktiske opplysingar du treng som nytilflytt i Fjærland.

Ver med på det som skjer

Etter kvart kan Mobilizon bli den plassen der du får greie på kva som skjer her. Elles er tavla på butikken viktig å fylgja med på òg.

Lag og organisasjonar

Det finst mange! Her lenkar me til andre sider med alle organisasjonane.

Lokaldemokratiet

Fjærland har eit ganske omfattande lokaldemokrati. Alle med postadresse Fjærland er med i Bygdautvalet, og kvart år blir det valt eit styre av dei. Det er Bygdalaget. Den vanlegaste måten å avgjera viktige ting på, er ved å vera med på bygdamøte på Fjærland bygdahus. Det er ein fin plass å møta folk og å vera med på kva som skjer. Debattmiljøet er sakleg, og me prøver å gjera det ufarleg for alle.

Appar du treng