Fjærland 4H
Fjærland har eigen 4H-klubb, som har aktivitetar året rundt. Dei fleste born og ungdomar er med i klubben, også dei som har rikeleg av andre fritidsaktivitetar. Noko av grunnen er at 4H ikkje har samlingar kvar veke, men lagar eigne hendingar av og til. Døme er
- Akedag i Horpedalen, vinterens vakraste eventyr for små og store! Finn ein kjelke og kom.
- Volleyballturnering
- Ryddedag
- Natursti under olsokfeiringa
- Overnattingsturar og fisketurar
...og i tillegg sjølvsagt haustfesten, der alle medlemene syner fram 4H-prosjekta sine for året og elles ordnar mat og underhaldning for alle som kjem og ser på, og det er mange.
Fjærlan 4H er ein del av 4H Sogn og Fjordane.
Kategori: Lag og organisasjonar
Gå heim.