Ny i Fjærland
Her skriv me praktiske opplysingar du treng som nytilflytt i Fjærland.
Ver med på det som skjer
Etter kvart kan Mobilizon bli den plassen der du får greie på kva som skjer her. Elles er tavla på butikken viktig å fylgja med på òg.
Lag og organisasjonar
Det finst mange! Her lenkar me til andre sider med alle organisasjonane.
Lokaldemokratiet
Fjærland har eit ganske omfattande lokaldemokrati. Alle med postadresse Fjærland er med i Bygdautvalet, og kvart år blir det valt eit styre av dei. Det er Bygdalaget. Den vanlegaste måten å avgjera viktige ting på, er ved å vera med på bygdamøte på Fjærland bygdahus. Det er ein fin plass å møta folk og å vera med på kva som skjer. Debattmiljøet er sakleg, og me prøver å gjera det ufarleg for alle.