Fjærland 4H

Fjærland har eigen 4H-klubb, som har aktivitetar året rundt. Dei fleste born og ungdomar er med i klubben, også dei som har rikeleg av andre fritidsaktivitetar. Noko av grunnen er at 4H ikkje har samlingar kvar veke, men lagar eigne hendingar av og til. Døme er

  • Akedag i Horpedalen, vinterens vakraste eventyr for små og store! Finn ein kjelke og kom.
  • Volleyballturnering
  • Ryddedag
  • Natursti under olsokfeiringa
  • Overnattingsturar og fisketurar

...og i tillegg sjølvsagt haustfesten, der alle medlemene syner fram 4H-prosjekta sine for året og elles ordnar mat og underhaldning for alle som kjem og ser på, og det er mange! Haustfesten er eit årleg høgdepunkt.

Fjærland 4H er ein del av 4H Sogn og Fjordane. Som i alle andre 4H-klubbar er det medlemene sjølve som driv klubben og tek avgjerder, med vaksne klubbrettleiarar i bakgrunnen. På denne måten lærer borna både organisasjonsarbeid og sjølvstende. 4H-prosjekta til medlemene er varierte, og handlar om alle slags aktivitetar: Baking og matlaging, landbruk, friluftsliv, kjæledyr, kunst og foto, idrett, styrearbeid, handverk og mangt anna. Så kjem sjølvsagt det sosiale i klubben i tillegg - her er eit høve for små og store born og ungdom å vera saman om felles aktivitetar. Me kan trygt tilrå 4H for alle gamle og nye innbyggjarar i Fjærland.

Kategori: Lag og organisasjonar

heim.