Fjærland idrettslag
Idrettslaget er ein av dei største organisasjonane her, og har eit særs breitt idretts- og aktivitetstilbod for alle aldersgrupper og interesser heile året. Laget har fleire undergrupper som tek seg av dei ulike aktivitetane, og her nemner me eit lite utval.
- Ballspel kvar sundag. Volleyball i ballbingen om sumaren, ulike ballspel i gymsalen vinterstid.
- Yoga tysdagar, gymsalen
- Styrketrening onsdagar, gymsalen
- Skikarusell fleire sundagar om vinteren
- Oppkøyrt lysløype i Mundal om vinteren
- Ut frå asfalten, turpostar i Fjærland. Fleire vanskegradar.
- Påskemili, skirenn kvar påske
- Jordalstrimmen, landevegsløp helga før olsok kvar sumar
- Barnetrim i ulike variantar
- Truleg ein del meir skribenten har gløymt.
Kategori: Lag og organisasjonar
Gå heim.