Denne sida inneheld info om ungdomslaget og det lyd- og lystekniske utstyret i Fjærland.
Fjærland ungdomslag
Fjærland ungdomslag vart skipa i 1884, og er ein av dei største organisasjonane her. Slagordet er "For bygdi - i bygdi", og det tyder i praksis at me lagar gode, sosiale hendingar og arrangement for alle som bur her. Me lagar ungdomsklubb, kviss, årvisse dansar og festar, konsertar og andre hendingar som knyter folk saman.
Faste tilstellingar
- Nyttårsball for skuleborn
- Dans helga før olsok
- Olsokdans
- Smalahovefesten
- Halloween for små og store
- Kunnskapstevlinga "Kven veit" i regi av Noregs ungdomslag
- Femtedagsfesten 29. desember, med årsrevyen "Vintrakvelden"
Teknisk utstyr
Fjærland ungdomslag eig og driv den arrangementstekniske utstyrsparken på vegner av heile bygda. Me har omfattande lydutstyr til bruk for store og små tilstellingar, gjerne samstundes. Her er ei liste over det viktigaste. Me kan kombinera anlegga i ulike oppsett slik at dei passar til alt frå heilt små til nokså store konsertar, møte og konferansar. Me leiger ut anlegga med eller utan lydteknikar til hendingar i Fjærland. Inntektene frå leiga går til å oppgradera og vedlikehalda utstyrsparken.
Ved trong for meir utstyr har me høve til å leiga inn. På denne måten kan me avvikla store arrangement i Fjærland. Me tilbyr òg kurs i lydteknikk, og har hatt storkurs for Sogn og Fjordane ungdomslag. Alt dette kan du ta kontakt med Eivind om viss du lurer på noko.
- Miksarar
- Allen & Heath SQ6 med stagebox og digital multikabel (Ramcat cat5)
- Behringer XR18
- Yamaha MG12XU
- Alesis Mulitimix 10 wireless. Fastmontert miksar på bygdahuset, med ma. blåtann- og mikrofoninngangar.
- FOH
- JBL VRX. 4stk 928 toppar og 4stk 918 subbar.
- Crown XTI2000 forsterkarar.
- Monitoring og mindre anlegg
- 3stk DB Flexsys FM12 aktive konsentriske monitorar.
- 2stk Dynacord AM12 aktive monitorar.
- 2stk Tannoy passive konsentriske monitorar (ja, dei gode gamle med 15+1"!).
- 1stk Alto TS112A aktiv PA-høgtalar/monitor, 12+1"
- 2stk små og søte 8" passive konsentriske monitorar/høgtalarar
- Crown XLS1002 forsterkar
- Ulike andre forsterkarar til monitoring og mindre bruk
- Mikrofonar (me har oftast fleire av kvart slag)
- Tromme- og instrumentmikrofonar
- Shure Beta 52
- Sennheiser e604
- Ulike AKG-trommemikkar
- Shure SM57
- AKG C1000
- AKG CK41 blueline
- Beyerdynamic MC930
- Vokalmikrofonar
- Røde S1
- Shure Beta 87
- Shure SM58
- Shure SM86
- Neumann KMS105
- Trådlaust (3 kanalar)
- Sennheiser ME3 mikrofonar
- Sennheiser ew100G2 sendar og mottakarar
- Tromme- og instrumentmikrofonar
- Lys
- Xbaby fresnellar med fjernkontroll, fastmonterte på bygdahuset
- 2stk T-stativ til lys
- 4-kanals dimmar
- Lysbord
- Nokre fresnellar og parkanner, glødepærer
- Lysutstyret er elles under oppgradering.
- Anna utstyr
- Alle slags kablar i rikelege mengder
- Whirlwind passive DI-boksar
- Eit godt tal høge og låge mikrofonstativ, flest med tredelt fot. 1stk høgt mikrofonstativ med rundfot.
- Fleire sett høgtalarstativ
- Kasser, koffertar, boksar og trekk til utstyret.
- Backline
- Ddrum trommesett (4 trommer) med eit godt utval cymbalar.
- Markbass combo head II bassforsterkar
- Matamp mini-mat 2 gitarforsterkar. 2-watts røyrherlegdom frå Yorkshire.
- Marshall valvestate gitarforsterkar.
- Roland digitalpiano av skikkeleg sort med vekta tangentar.
Alt utstyret er merka, forsikra og blir lagra innelåst.
Kategori: Lag og organisasjonar
Gå heim.