Inkje endringssamandrag
Line 7: Line 7:


== Lag og organisasjonar ==
== Lag og organisasjonar ==
Det finst mange! Ein vanleg måte å vera med i det sosiale livet på i Fjærland, som i heile Noreg, er å vera med i ein organisasjon. Dei fleste fjærlendingar er medlem i mange organisasjonar. Her på denne wikien kjem det lenker til sider over alle organisasjonane.
Det finst mange! I heile Noreg er det vanleg å vera med i det sosiale livet på ved å vera med i ein organisasjon. Det samlar interesser og skapar venskap. Dei fleste fjærlendingar er medlem i mange organisasjonar, og er med på å driva dei. Her på denne wikien kjem det lenker til sider over alle organisasjonane.


== Lokaldemokratiet ==
== Lokaldemokratiet ==

Versjonen frå 26. februar 2022 kl. 21:13

Ny i Fjærland

Her skriv me praktiske opplysingar du treng som nytilflytt i Fjærland.

Ver med på det som skjer

Etter kvart kan Mobilizon bli den plassen der du får greie på kva som skjer her. Elles er tavla på butikken viktig å fylgja med på òg.

Lag og organisasjonar

Det finst mange! I heile Noreg er det vanleg å vera med i det sosiale livet på ved å vera med i ein organisasjon. Det samlar interesser og skapar venskap. Dei fleste fjærlendingar er medlem i mange organisasjonar, og er med på å driva dei. Her på denne wikien kjem det lenker til sider over alle organisasjonane.

Lokaldemokratiet

Fjærland har eit ganske omfattande lokaldemokrati. Alle med postadresse Fjærland er med i Bygdautvalet, og kvart år blir det valt eit styre av dei. Det er Bygdalaget. Den vanlegaste måten å avgjera viktige ting på, er ved å vera med på bygdamøte på Fjærland bygdahus. Desse møta blir alltid annonserte på førehand, så fylg med på tavla på butikken. Bygdamøta er ein fin plass å møta folk og å vera med på kva som skjer. Debattmiljøet er sakleg, og me prøver å gjera det ufarleg og inkluderande for alle. Du kan og veit noko me treng i bygda, og du har noko å bidra med. Me oppmodar deg til å vera med.

Appar du treng



heim.