Inkje endringssamandrag |
|||
| Line 26: | Line 26: | ||
Gå [[Hovudside|heim]]. | Gå [[Hovudside|heim]]. | ||
[[en:New in Fjærland]] | |||
[[Kategori:Samfunn]] [[Kategori:Kunnskap]] [[Kategori:Teknologi]] [[Kategori:Daglegliv]] | [[Kategori:Samfunn]] [[Kategori:Kunnskap]] [[Kategori:Teknologi]] [[Kategori:Daglegliv]] | ||
Versjonen frå 26. februar 2022 kl. 21:47
Ny i Fjærland
Her skriv me praktiske opplysingar du treng som nytilflytt i Fjærland.
Ver med på det som skjer
Etter kvart kan Mobilizon bli den plassen der du får greie på kva som skjer her. Elles er tavla på butikken viktig å fylgja med på òg.
Lag og organisasjonar
Det finst mange! I heile Noreg er det vanleg å vera med i det sosiale livet på ved å vera med i ein organisasjon. Det samlar interesser og skapar venskap. Dei fleste fjærlendingar er medlem i mange organisasjonar, og er med på å driva dei. Her på denne wikien kjem det lenker til sider over alle organisasjonane.
Lokaldemokratiet
Fjærland har eit ganske omfattande lokaldemokrati. Alle med postadresse Fjærland er med i Bygdautvalet, og kvart år blir det valt eit styre av dei. Det er Bygdalaget. Den vanlegaste måten å avgjera viktige ting på, er ved å vera med på bygdamøte på Fjærland bygdahus. Desse møta blir alltid annonserte på førehand, så fylg med på tavla på butikken. Bygdamøta er ein fin plass å møta folk og å vera med på kva som skjer. Debattmiljøet er sakleg, og me prøver å gjera det ufarleg og inkluderande for alle. Du kan og veit noko me treng i bygda, og du har noko å bidra med. Me oppmodar deg til å vera med.
Appar du treng
- Bosshenting: Min renovasjon. Play store, iPhone
- Heim-skule-samarbeid: Visma min skule. Play store, iPhone
- Bibliotek: Bookbites. Play store, iPhone
- Filsynkronisering på sky.fjerland.no: Nextcloud. F-droid, Play store, iPhone
- Filmar på film.fjerland.no: Bruk nettlesaren, du treng ingen eigen app.
- Sosialt nettverk: Tusky for Mastodon. F-droid, Play store, iPhone
Gå heim.